Offisiell semesteråpning 2013

Stavangerbandet Poor Edward har høsta mange lovord for si viseinspirerte blanding av pop og rock. Paul Chaffey, administrerande direktør i Abelia, held hovudtalen på semesteropninga. Ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, vil òg tala. Rektor Marit Boyesen og direktør John B. Møst held velkomsttalar og leiar av StudentOrganisasjonen ved UiS (StOr), Håkon Ohren, ynskjer òg alle studentane velkomne til studieåret. Stavanger Forum sin Formidlingspris for 2012 vert delt ut på semesteropninga og det blir song av Stavanger Studentsongforening som vart grunnlagt i 1993 og som har faste konsertar i regi av UiS. Seremonien fann stad i Tjodhallen i Kjølv Egelands hus tysdag 13. august frå klokka 10.00 til klokka 11.30.